Ein veldig spesiell fjelltur
Den største kjendisen her i Grundarfjörður er fjellet Kirkjufell (kyrkjefjellet). Det er avbilda så og seie over alt; på all slags turistinformasjon og reklame, sjokoladar, chromecast og microsoft sine skjermbilder - og har gitt livsgrunnlaget for turismen som har eksplodert i den vesle bygda på ca 850 fastbuande, etter at ein fotograf tok eit veldig stilig bilde av fjellet for ca 15 år sidan og bildet gjekk viralt.
Fjellet har ein utruleg utsjånad. Det er ein sånn type utsikt ein aldri blir ferdig å sjå på - kvar gong ein ser på det oppdagar ein noko nytt eller opplever at det har forandra seg sidan sist.
Då me var her i 2016 følte eg på ein skikkeleg sterk tiltrekking til fjellet, og eg kjente så tydeleg inni meg at "eg kjem tilbake, og då skal eg gå opp på Kirkjufell". Marta som er her i frå har aldri gått opp, og har innstendig lova bestmora at ho aldri skal gjere det. Tre mennesker har omkomme, to av dei turistar. Det er forbod mot å gå der når det er vått og om vinteren, og sterkt fraråda for alle som slit med svimmelheit.
Førre veke gjekk Marius og eg opp, og det var noko av det mest spesielle eg har opplevd. Stiane snirklar seg opp langs dei små kantane, ein må gå opp små skrenter for å nå neste nivå, innimellom var det stykker me måtte klatre i tau, og i sidesynet var det hundrevis av meter høge stup. Nokre stadar delte stien seg i to, og då me valgte feil blei stien mindre og mindre synleg til den forsvant inn i eit fugleberg og stup.
Rett før toppen sa Marius at han hadde sett turen på youtube til filma med GoPro, og at dei hadde grine då dei kom opp på toppen. Eg tenkte "ja, det er sikkert ganske følelsladd". Rett etterpå kom med til det siste partiet, som var ei klippe med eit tau. Rett til sida av oss var det 400 meter ned, og eg har sjeldan kjent på eit rush av blod som ein foss inni meg som då. Eg visste ikkje korleis tauet var festa, og eg kjente at eg hadde ein kamp innvendig mellom det rasjonelle og emosjonelle. "Korleis kan eg vite at tauet er trygt? Her har det klatra mange, klart tauet er trygt".
Då eg kom opp var eg skjelven, grein og lo.





Så gøy å følge dere på bloggen! For en tur, dit vil jeg også dra en gang. Ser helt fantastisk ut 🤩
SvarSlettHeilt fantastisk! ❤️ Tone
SvarSlett