Ein halv dag oppsummert
Så, ein halv torsdag på Island har gått. Den har vore ganske uvanleg, og det er ganske vanleg her.
Joar står opp kl 7 og speler med ein kompis i Oslo. Jentene vaknar rundt 8 og ser litt på iPad. Marius står opp, set på kaffi og så vaknar eg.
Frukost er kva enn me har, det går i knekkebrød, polarbrød eller frokostblanding (morgonkorn heiter det her).
Før 10 skulle Marta og eg eigentleg trene i deira private gym. I staden har me brukt ganske mykje tid på å ga fram og tilbake etter diverse nøklar rundt omkring (til riktig bil, til riktig hus, til riktig lager, til riktig tilhenger), henta senger til det nyoppussa rommet på gjestehuset og ein enorm benk i hagen til nokon. Marta og eg rygger ikkje med tilhenger, me tar den av og flytter den for hand 😎
Deretter var me på kafeen til Jan og Marta, så sprang Erle og eg bort på gjestehuset for å hente noko til kafeen. Hei kor det går! I dag er bygda full av turistar som sprader rundt og kikker seg omkring, det er nesten litt komisk og sjå på dei. Dei trur også at alle lokale er vandrande turinstinformasjonar.
No er Erle og eg på kafé, me kosar oss litt ekstra og Mummidalen-følelsen har ikkje blitt mindre i dag heller.





Hei på dere! Så flotte, spesielle og kjekke blogginnlegg! Imponert over turer og opplevelser. Mormor liker spesielt å lese Joar, Vilde og Erle sine blogginnlegg ❣️
SvarSlett