Ei god blanding bilde frå dei siste dagane, ganske mange av mat.



 
Ein ninja lagar blogginnlegg. 


Her om dagen var eg aleine på gjestehuset nesten heile dagen, Marius som eigentleg malar gjestehuset måtte kome innom og hjelpe meg med to rom slik at me rakk å ha alle romma klare til kl 15. Eg likar godt å vere på gjestehuset, vanlegvis går tida fort og det følest veldig bra å låse av ei rom som er klart for gjestene. Når me er to (eller fleire med ungane der) deler me på ein etasje - for eksempel skifter den eine på alle sengene og støvsuger, mens den andre vasker bad, rommet og mopper over til slutt. Men då eg var aleine skjedde det jo sjølvsagt ikkje noko bak ryggen min, og ting tok ulidelig lang tid. Det er nok den lengste dagen eg har hatt på Island! Så då eg skulle byrje på underetasjen blei eg skikkeleg glad for at nokon hadde lagt igjen ein pose med sjokoladetrekte, salte lakriskuler i fellesskuffen. Det var akkurat det eg trengte. Heilt bingo.



Joar bakar brownies og har det bra! Etterpå inviterte med Marta og gjengen. Ho er gift med Jan frå Colombia, og no for tida har dei besøk av broren hans og familien. Dei har ei jente som heiter Valeria på 8 som jentene er mykje ilag med. Ungane har lært seg mykje engelsk og litt spansk i sommar.

Laurdagskveld i huset: Etter å ha sett Tottori (den kan me anbefale!), spelte med Alias på islandsk og spiste godteri. Det er ganske mange ord som liknar (gurka = agurk, køttur = katt), dei var lette å gjette, mens andre ord liknar ikkje i det heile tatt og var kjempevanskelege å gjette. Då måtte me gi hint. 

Malinga går framover, Marius er ikkje langt unna å vere halvvegs rundt det gamle posthuset. I dag var alle med å sete opp stillaset.




I går var eg Marta på islandskvelden ho pleier å ha for alle i bygda som har lyst å lære seg islandsk. Det er folk frå meir eller mindre heile verda som har slått seg ned her. I går var me på besøk hos eit fransk par som har budd her i to år; dei bur på ein utruleg vakkert plassert gård med fjell rett bak og havet rett framføre huset. På tomta står det ti små hus for turistar som dei driv. Kan hende Marius og eg vil gjere det eitt år eller to langt inn i framtida?

Me gjekk først ein tur, deretter var det islandskundervisning med Marta, og så var det eit fireretters måltid! Eg visste ikkje kva eg gjekk til, så eg kom i holete arbeidskler (hadde luka gras rundt kanten av gjestehuset) og hadde heller ikkje med meg noko. Det burde eg verkeleg ha hatt. Me blei servert heimelaga sushi, ost, rabarbrapai med handpiska krem og til slutt sjølvplukka urtete og sjokolade. Eg var mett etter sushien, for å seie det sånn.

Det som også blei litt pinleg for meg etterkvart, var at det berre var fransktalande folk, Marta og eg som var der, og fekk liksom ikkje heilt fortalt at eg forstår fransk og nesten alt dei seier seg imellom. Så etter å ha tilbrakt ein heil kveld ilag med dei har det liksom blitt for seint for å tilfeldigvis nemne det, det blir i alle fall pinleg. 


Den koseleg kaféen til Marta og Jan. 
Jan vokste opp på ein kaffifarm i Colombia, så no importerer han kaffi frå bønder han kjenner og brenner kaffien sjølv. Ut vindauga kjem det latinamerikansk musikk så lenge han har opent, det er som å bli teleportert til latinamerika for ei lita stund.  


Kirkjuell i solnedgang: Bildet er tatt gjennom eit bilvindauga med ein gammal telefon, litt synd, for dette var eit spektakulært syn!


Marta tok med ungane til den svarte stranda. Her blir det langgrunt, så når sola skin varmar stranda opp dei små vasskulpane som ligg igjen.

Ungane klarar seg ofte aleine, blant anna teiknar dei etter oppskrift frå Youtube. Det kan dei halde på med ganske lenge, alle tre.


Joar vil bli bakar, og på Island får han øvd seg. I går baka han muffins hos Marta.


Folkens, eg har vore på eit nytt eventyr! Eg var med Marta og heilårsbadarane på stranda her ein kveld. Det var ubehageleg kaldt, flo og ganske store bølger. Eg måtte gå fleire gonger ut og inn, før kroppen plutseleg og ganske uventa blei vant til temperaturen. Me var uti sjøen i 20-30 min. Då me stod der med vatn til livet dukka det opp ein sel berre 10 meter unna oss. Han var tydelegvis nysgjerrrig på kven me var og kva me holdt på meg, for han dukka opp fleire gonger rundt oss. Alle selar på Island heiter Snorri.



Pannekakelunsj er ganske alright. Me prøver å finne ein god balanse mellom å la ungane gå for lut og kaldt vatn og å ta oss av dei.


Helsing Siri

Kommentarer